1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Aktivitetsdag på Håheller

Aktivitetsdag på Håheller

Tysdag 9. juni arrangerte Sirdal Huskyfarm, saman med Outdoor Collage frå Sirdal, aktivitetsdag for elevar i niande klassetrinn i kommunane Sirdal, Valle, Bykle, Bygland og Åseral. Fokuset for dagen var vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Tysdag 9. juni vart da arrangert aktivitetsdag for elevar i niande klassetrinn i kommunane Sirdal, Valle, Bykle, Bygland og Åseral. Fokuset for dagen var verna områder, med hovudfokus på Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane landskapsvernområde, og kva for moglegheiter ein har for å drive næring innanfor desse områda. Ansvarleg for arrangementet var Sirdal Huskyfarm saman med Outdoor College i Sirdal.

Elevane var igjennom totalt 7 postar med ulike aktivitetar i løpet av dagen.

Dagen var fylt med aktivitetar og kunnskap, kor skuleelevane fekk introduksjon i hundekøyring, korleis bruke naturen i undervisningssamanheng, vasskraftproduksjon i verneområda, historisk bruk av heia, grunneigaransvar og jakt- og fiske moglegheiter, natur- og kulturbasert næring, og forvaltning av verneområda. Både Sirdal Huskyfarm, Outdoor College, Sira Kvina kraftselskap, Statskog og verneområdeforvaltninga bidrog med undervisning og aktivitetar.

Ein av aktivitetane var hundekøyring i regi av Sirdal Huskyfarm.
Verneområdeforvaltninga bidro med informasjon om villrein.

Bildene er tatt av Simon Haughom (@specnormedia) og Sirdal Huskyfarm.