Visste du at frå parkering ved Håhellervatnet kan du oppleve naturstien? Dette er ein godt merka sti og undervegs får du med deg kunnskap om livet i heia vår.
Rundturen går frå parkeringa ved rasteplassen og opp til utkikkspunktet på vestsida av dammen ved Rosskreppfjorden. På toppen ventar ein villreinbukk. Ta gjerne med ein kikkert slik at du kan og speide etter fleire bukkar frå toppen. Tar du deg god tid, vil runden ta cirka ein time.
Når du er nede att kan du ete nista di på rasteplassen. Der finn du også meir informasjon om verneområdet.
Meir informasjon om Håhellervatn og våre andre innfallsporter finn du her.
På naturstien kan du lese meir om flora og fauna…
… samt historie og kulturminnar i verneområdet.
Nydeleg utsikt frå toppen!
Bildar tatt av SVR.