1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Ei epoke er over

Ei epoke er over

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Nå som Statens naturoppsyn sine to tilsette i Bykle og Suldal har blitt pensjonistar er ein epoke over.

Peter Hermansen og Reidar Sandal, også kjent som Setesdal- og Ryfylkeheianes «Knoll og Tott», har vore SNO sin ansikt i desse heiområda dei siste 15 åra, og etterlet seg eit stort tomrom.

Med sine gode samarbeidsevner, store kontaktnett og enorme lokalkunnskap, har dei i ei årrekke vore til uvurderleg hjelp for alle som har verksemd eller driv forvaltning i desse heiane. Verneområdestyret for SVR har hatt stor nytte og glede av Peter og Reidar sine faglege råd og gode hjelp til gjennomføring av ei lang rekke av informasjonstiltak, synfaringar og møter. At samarbeidet mellom oppsynet og forvaltninga har fungert så godt har gjort verneområdestyret sitt arbeid lettare, og har vore til stor nytte for alle brukarane av heiområde.

På vegne av kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar vil verneområdestyret derfor få takke for det gode samarbeidet og det store arbeidet dei har lagt ned, og ønskje lykke til med livet som spreke og engasjerte pensjonistar.

Peter Hermansen
Reidar Sandal