Det er ikkje alle plassar som er eigna for sykkeltur. I Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområda, samt Lustheia og Vormedalsheia, er det berre tillate å sykle langs eksisterande bilvegar og anleggsvegar innanfor vernegrensene, samt sykkelstien frå Øydegardstøl-Kjerag. Dette er nemleg heilt unike områda som er verna, og spesielt nå i sommarhalvåret er naturen sårbar for slitasje og forstyrringar.
Sykling slitar blant anna på terrenget, spesielt når det er vått og i skråne terreng. Med sykkel når ein lenger inn i verneområda, som gjer områda meir tilgjengeleg for folk. Dette kan skape forstyrring i områda som elles ville vært skjerma. Sykkelforbodet gjelder dermed også på vinterføre.
Meir om bruk av sykkel i verneområda finn du her.
Velkommen inn til fots i staden!