1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Ljosådalen naturreservat

Ljosådalen naturreservat

Ljosådalen naturreservat er eit skogsområde i Ljosådalen nordvest i Valle kommune som vart frivillig verna som naturreservat i 2015. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 37 903 dekar, og grenser til Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane landskapsvernområde og Hisdal naturreservat. Området strekker seg vestover på båe sider av Ljosåni innover mot Ljosåvatnet og Rjuven, høgste toppen er Voilenuten på 1343 moh. Ljosådalen naturreservat er det største reservatet i forvaltningsområde SVR. Gamal furuskog og særs viktig kalvingsområde for villrein er viktige stikkord for opphavet til vernet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Ljosådalen naturreservat vart verna for å ta vare på eit stort og godt avgrensa skog- og heiområde som lokalt inneheld høg tettleik av gammal furu, og å sikre eit særs viktig kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei. Naturreservatet inneheld nesten alle skogtypar som representerer indre delar av gamle Aust-Agder og gammal ospeskog og gamle, grove furutre som er særs viktige for å ta vare på artsmangfaldet knytt til naturreservatet. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare. Til fordel for villrein og kalvingsområde er det innført ferdselsforbod i Ljosådalen frå og med 25. april til og med 31. mai. I naturreservatet er det ikkje lov å hogge tre eller kappe greiner til bål. Det er derimot lov å bruke tørrkvist. Sanking av bær og sopp er lovleg, men ikkje å flytte plantar.

Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Plante- og dyreliv

Ljosådalen naturreservat er vilt, vakkert og urørt med stor naturvariasjon. Området utmerkte seg med å vere eit stort og velarrondert dalføre med ein ganske stor del av produktiv gammalskog. Store areal innover dalføret består av glissen og lågproduktiv bjørke- og furuskog som er oppstykka av myr, mens det i bratte dalsider og i ur står lauvskog. Den produktive gammalskogen har lokalt høg tettleik av verkeleg gammal furu (250 – 500 år) og artsmangfaldet er moderat høgt innan gruppene med karplantar, lav og vedbuande sopp. Både innslag av truande og nær truande arter er registrerte, og nokre er regionalt sjeldne. Kvar vår kjem det mange hundre simler for å kalve i Ljosådalen. Andre hjortedyr som elg og hjort likar seg også godt i Ljosådalen. Kongeørn og andre rovfuglar har også hekkelokalitet i naturreservatet.

Fordi Ljosådalen ligg langt frå veg, blir det fiska lite i Ljosåvatnet. Derfor er fisken liten, og i dårleg kondisjon.

Bruk i tidlegare tider

I Ljosådalen har det vore buplassar, under den høge Volieknuten budde det folk i eldre tider heilt tilbake til 1750-talet. Det finst enno spor etter tuftene etter hus i Ljosådalen. Ljosådalen vart ein del av dei svære heistrekningane som Thv. Heiberg kjøpte opp i 1912, og som etter krigen vart statseigedom med namnet Njardarheim Veidemark. Heideberg bygde også ei jakthytte ved «Trongen» øvst i Ljosådalen, der det tidlegare hadde stått ei gammal lega som driftefolket brukte om sommaren. «Trongen» er i dag flytta til Fjellmuseumet ved Kvæven.

I Ljosådalen er det fleire gamle kulturminne, blant anna Rossåsen som er ein støylsvoll der det stod fleire støylshus. Desse var truleg i bruk på 1800- og 1900-talet.

Bruken i dag

Grunneigarar uttrykker at det er tungvint å drive skog og næring i Ljosådalen, og at det derfor vart tatt initiativ til frivillig vern. No kan grunneigarar berre drive alminneleg skjøtsel av støylsbuer, finne ved og tømmer til desse, samt drive jakt, fiske og landbruksnæring.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift

Forvaltningsplan

Naturverdier for lokalitet Ljosådalen, registrert i forbindelse med prosjekt Frivilligvern 2010. naRIN faktaark. Biofokus, NINA, miljøfaglig utredning: http://lager.biofokus.no/omraadebeskrivelser/Frivilligvern2010_Ljosaadalen.pdf

Gards og ættesoge Valle:  https://www.nb.no/items/ffcd2130c33fd3fd5a4b821c7d2cb3bf?page=125&searchText=valle%20kommune%20gards-%20og%20%C3%A6ttesoge