
Bakgrunn for vernet og trugsmål
Føremålet med fredinga er å ta vare på eit spesielt naturområde med ein særprega naturrikdom i form av naturtypar, arter og naturlege økologiske prosessar. Området har rik edellauvskog med alm, ask og lind, og med innslag av styvingstre, som også er leveområde for fleire sjeldne mose- og lavarter og insektsamfunn. Området har stor verdi som vitskapeleg referanseområde.
Nokre av styvingstrea bør skjøttast for å ta vare på denne viktige verneverdien i området. Elles er det ingen store trugsmål mot verneverdiane i Migaren.
Plante- og dyreliv
I den bratte lia i Migarden er det mykje rasmark og store parti med ur. Den til dels storvaksne og grove edellauvskogen inneheld arter som hegg, gråor, svartor, bjørk, rogn og villapal, frisk alm- og asklindeskog. Mange av edellauvskogtrea er styva. Her veks det òg fleire arter som er sjeldne i Rogaland, slik som skogsvingel, kjempesvingel, myske og vanleg maigull. I edellauvskogen finst det òg fleire sjeldne lavarter og mosearter. Ei rekke arter av insekt og andre virvellause dyr held òg til i dei gamle styvingstrea. Området har eit rikt fugleliv, og er eit viktig hekkeområde for sporvefugl, ugler og hakkespettar.

Bruk i tidlegare tider
Tidlegare har skogsressursane vore nytta til ved og tømmer, og edellauvskogtre som eik, alm, ask og lind har vorte styva for dyrefôr.

Bruken i dag
Det går ingen merkte stiar i Migaren, og ferdselen i området er svært liten. Området blir òg noko brukt til vedhogst og i avgrensa grad til beite for sau.

Kjelder og vidare lesing
Fylkesmannen i Rogaland, 2001. Verneplan for Frafjordheiane.
Fylkesmannen i Rogaland, 2006. Ørestø og Migaren. Naturreservat i Gjesdal kommune. Forvaltningsplan.
Roalkvam, R. 1979. Rapport frå zoologiske inventeringer i Frafjordheiene. Fylkesmannen i Rogaland.
Stavanger Turistforening 1987: Frafjordheiene. Nasjonalpark i Rogaland. STF Årbok 1986.