Bakgrunn for vernet og trugsmål
Føremålet med fredinga av Øyastøl naturreservat er å bevare eit svært interessant og variert myrområde, med innslag av både fattigmyr- og rikmyrvegetasjon. Kombinasjonen av nedbørsmyr, fattigmyr og rikmyr er særleg verdifull.
Verneverdiane på Øyastøl har lenge vore truga av attgroing frå einer, lauvskog og einstape, samt noko planting av gran. Det er òg ein del slitasje ved turistløypa som går gjennom området. Dei siste 10 åra har det vore drive aktiv skjøtsel på Øyastøl, og tilstanden til verneområdet har betra seg mykje.
Plante- og dyreliv
Myrområda på Øyastøl består av ei rekke ulike myrtypar, og det er denne variasjonen som gjer området så verdifullt. Dei største delar av myra fattigmyr, men det er òg innslag av nedbørsmyr, rikmyr og ekstremrik myr og rike kjelder. Øyastølmyra er blant anna ei gamal slåttemyt som ligg 420 moh. Myra har stadvis rik vegetasjon, der det no blir drive ein aktiv skjøtsel for å ta vare på det opne landskapet.
Bruk i tidlegare tider
Øyastøl var tidlegare ei viktig slåttemyr, og på slutten av 1800-talet stod det sju høyløer på og ved myra. Myrslåtten tok slutt rundt år 1900, men heilt fram til i dag har området blitt brukt til husdyrbeite frå dei nærliggande gardane Kleivaland og Ritland.
Bruken i dag
Øyastøl er lett tilgjengeleg frå ein skogsbilveg og ein merkt tursti opp frå ein tilrettelagd parkeringsplass ved Kleivaland. Ein merkt tursti til turisthytta Melands-Grønahei går gjennom naturreservatet. Området blir på den måten brukt ein del i samband med friluftsliv. Øyastøl er òg eit viktig beiteområde for sau.
Kjelder og vidare lesing
Fylkesmannen i Rogaland 2011. Foreløpig skjøtselsplan for Øyastøl.
Moen, A. 1971. Myrer og andre naturverdier som bør fredes i Hjelmeland. Stavanger turistforenings årbok 1971.