Title | Address | Description |
---|---|---|
Haukeliseter fjellstue | 3895 Edland, Norge | |
Fjellreinskulen | 3895 Edland, Norge | |
Lii Gard | Livegen 18, 4754 Bykle, Norge | |
Helgøy skyssbåt | Helgøyvegen 9, 4167 Helgøy i Ryfylke, Norge | |
Outdoor Life Norway | Jørpeland, Norge | |
Sirdal Safari & Adventure | Indregarden 11, 4440 Tonstad, Norge | |
Sirdal Huskyfarm | Runtleneset 22, 4440 Tonstad, Norge |
Sirdal Huskyfarm
Sirdal Huskyfarm er lokalisert sør for Tjørhom i Øvre Sirdal i Agder. Dei tilbyr ei lang rekke aktivitetar både sommar og vinter, og har særleg fokus på å formidle opplevingar av den unike naturen og kulturhistoria i området. Mellom anna tilbyr dei både korte og lange turar med hundespann i høgfjellet.
Sirdal Safari & Adventure
Sirdal Safari & Adventure er ei naturguide- og overnattingsverksemd som er lokalisert på Kvæven i Øvre Sirdal. Opplev overnatting i ei gamal Heiberghytte på Kvæven Fjellmuseum, og guida turar til mellom anna Svartevassmagasinet og Kjerag.
Sjå meir informasjon på heimesida til Sirdal Safari & Adventure
Explore Lysefjorden
Explore Lysefjorden er eit guidefirma med lokaler på Gøysa Gard på Forsand i Rogaland. Her tilbyr dei guida turar til ulike turmål rundt Lysefjorden både sommar og vinter. Av dei mest kjende er turar til Preikestolen og Kjerag. I tillegg til å vise veg, har Explore Lysefjorden fokus på å gi innsikt og kunnskap om natur.
Helgøy Skyssbåt
Helgøy Skyssbåt er ei skyssbåtverksemd med ulike hurtiggåande skyssbåtar i fleire storleikar. Om sommaren tilbyr dei guida fjordcruice på faste vekedagar. Vidare tilbyr dei skreddarsydde båtturar for ulike grupper.
Lii Gard
Lii Gard er lokalisert i Bykle, og er ein stad med mange tilbod. Her kan du overnatte, møte dyr, leige utstyr og bestille guida toppturar på ski.
Fjellreinskolen
Fjellreinskolen er ei formidlingsverksemd som er lokalisert på Hovden og Bjåen i Bykle. Her tilbyr dei mellom anna lærarettleiing, materiell og aktivitetar retta mot skoleverket. Deira visjon er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur, kultur og historie, for å skape bulyst og kjensle av identitet.
Haukeliseter fjellstue
Haukeliseter fjellstue er den mest besøkte turisthytta i Noreg, og er lokalisert ved E134 på Haukelifjell. I tillegg til overnatting og servering tilbyr Haukeliseter ei rekke aktivitetar både sommar og vinter. Dette omfattar mellom anna guida toppturar, turar med hundespann og ei lang rekke kurs med friluftslivstema.
Sjå meir informasjon på heimesida til Haukeliseter fjellstue