1. Heim
  2. Opplev SVR
  3. Opne hytter

Opne hytter

Det er mange moglegheiter for å overnatte i og like ved verneområda i SVR. Turistforeininga, Statskog og fjellstyra har til saman 66 hytter i desse områda.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Turistforeninga sine hytter

Stavanger turistforening si hyttekjede strekk seg gjennom Ryfylkeheiane frå Sirdal og Frafjordheiane i sør til Haukeliseter i nord. Dei aller fleste av dei 24 hyttene står opne, men sjå nettsidene til STF for nærare informasjon om booking og ruteskildringar.

DNT-Sør har hytter på rekke og rad opp gjennom Setesdalsheiane frå Åseral til Bykle. Alle dei 11 hyttene står opne, men sjå nettsidene til DNT for nærmare informasjon om booking og ruteskildringar.

Statskog

Statskog har 17 hytter i Sirdals- og Setesdalsheiane. Desse hyttene må bestillast. Sjå iNatur for meir informasjon.

Fjellstyrehytter

Hjelmeland fjellstyre har fire hytter ved Blåsjø. Av desse står Blåfjellhytta open, mens dei andre må bestillast. Sjå informasjon på Hjelmeland-fjellstyrene.no.

Bykle fjellstyre har sju hytter ved og aust for Blåsjø. Desse hyttene må bestillast. Sjå meir informasjon på Byklefjellstyre.no

Suldal fjellstyre har tre hytter i Dyraheio nord for Blåsjø. Desse hyttene står opne. Sjå meir informasjon på Fjellstyrene.no.