1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Reviderte konsesjonsvillkår for Tokke-Vinje

Reviderte konsesjonsvillkår for Tokke-Vinje

Olje- og energidepartementet har gjennom kongeleg resolusjon av 17.06.2022 fastsett reviderte konsesjonsvilkår for Tokke-Vinje reguleringane. Det har vore knytt stor spenning til denne vilkårsrevisjonen ettersom dette er den første av mange vilkårsrevisjonar i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Særleg viktig er det at departementet har bestemt at det skal avsettast midlar til eit villreinfond. Eit slikt fond skal […]
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Olje- og energidepartementet har gjennom kongeleg resolusjon av 17.06.2022 fastsett reviderte konsesjonsvilkår for Tokke-Vinje reguleringane.

Det har vore knytt stor spenning til denne vilkårsrevisjonen ettersom dette er den første av mange vilkårsrevisjonar i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Særleg viktig er det at departementet har bestemt at det skal avsettast midlar til eit villreinfond. Eit slikt fond skal mellom anna kunne brukast til vidare villreinundersøkingar og gjennomføring av avbøtande villreintiltak. Fondet har ein samla storleik på 10 mill. kor 6 mill skal brukast på Hardangervidda, 3 mill. i Setesdal-Ryfylke og 1 mill. i Setesdal Austhei. Det er nå god grunn til å tru at det nå vil komme pålegg om innbetalingar til eit slik villreinfond for dei pågåande vilkårsrevisjonane i Setesdal-Ryfylke villreinområde som Sira-Kvina, Ulla-Førre, Øvre Otra og Røldal-Suldal.

Utdrag frå dei nye konsesjonsvilkåra:

Konsesjonæren pålegges å avsette et engangsbeløp på 10 mill. kroner øremerket undersøkelser og tiltak for å bedre forholdene for villreinbestanden som blir berørt av reguleringen, som fordeler seg med 6 mill. kroner til fond for Hardangervidda villreinområde, 3 mill. kroner til Setesdal Ryfylke villreinområde og 1 mill. kroner til Setesdal Austhei villreinområde. Fondene skal forvaltes av en egen styringsgruppe bestående av NVE, miljøforvaltningen, regulanten, evt. øvrige bidragsytere og de berørte kommunene. Midlene skal forvaltes til beste for villreinbestanden.

Den kongelege resolusjonen kan lastast ned frå denne lenka: Statkraft Energi AS – Revisjon av konsesjonsvilkår for Tokke-Vinje-reguleringa, Tokke, Vinje og Ullensvang kommunar (regjeringen.no)