Prosjektet Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell starta opp seinhaustes 2017 i Setesdal Ryfylkevillreinområde. I denne rapporten kan du lese om tiltaka som er gjennomført og erfaringa frå prosjektet. Prosjektet har famna vidt både tematisk og geografisk, og med deltakarar frå mange kantar av heia. Kunnskapsformidling har vore den raude tråden gjennom heile prosjektet. Med eit felles kunnskapsgrunnlag, og forståing av utfordringane villreinens står overfor, vil det også vera enklare å gjennomføre tiltak som kan betre tilhøva for villreinen. Slik sett har prosjektet vore ei god «førebuing» til pågåande arbeid med tiltaksplanar etter kvalitetsnorm for villrein.
Det er å håpe at fleire av tiltaka i prosjektet lever vidare i ei eller anna form sjølv om prosjektet formelt er avslutta. Vonleg vil også denne sluttrapporten vera til inspirasjon til kva det kan jobbast vidare med. Det er også ei ståande oppmoding om at alt som er produsert og laga til gjennom prosjektet vert nytta vidare.
Prosjektleiinga v/verneområdeforvaltarane
Alf Odden og Jørn Haug