Villreinstamma vert forvalta av grunneigarane organisert gjennom Setesdal Ryfylke villreinlag. Sentrale oppgåver for villreinlaget er bestandsovervaking, utarbeiding av bestandsplanar og avskytingsplanar. Du kan lese meir om villreinlaget på nettstaden deira.
Villreinnemnda for Setesdalsområdet er ei offentleg nemnd med representantar frå kommunane innan villreinområdet. Oppgåvene til villreinnemnda består mellom anna i godkjenning av vald, teljande areal (minsteareal), bestandsplanar og årlege fellingskvoter. Du kan lese meir om villreinnemnda på nettstaden deira.
Areala (leveområdet) vert forvalta av kommunane. Innanfor verneområda ligg ansvaret for arealforvaltninga hjå eit eige verneområdestyre. Fleire av dei største verneområda i Setesdal Ryfylke vart oppretta for å sikre leveområda for villreinen. Villreinen er derfor del av verneføremålet for mange av desse.
Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde har status som nasjonale villreinområde. For desse områda er det utarbeidd ein eigen regional plan (Heiplanen).